søndag 26. juni 2011

Senja og Rødtind

Jonsok-helga starta med tur til Senja, og på fredagen var det flott ver for ei utflukt.

Me tok turen sørover på Senja, og fann ein fin plass i fjøresteinane.


Flintsteika tok heile grillen, men det er ingen problem for "grillkongen" :-)


Me hadde gløymt "sovehunden" til Live på turen, så det var litt krise ei stund. Men etter kvart vart erstatninga godteken og ho kunne sova trygt mellom eledillar og krokofantar...


Heime i Tromsø att kunne me bestiga Rødtind her på Kvaløya i litt gråare ver. Men humøret var på topp for det, og 8-åringen sprang nesten frå oss oppover bakkane.


Høgdepunktet kom på tur ned! Det er framleis mogleg å "sile", sjølv om buksebaken blir litt våt.

søndag 19. juni 2011

Sommar i nord

Då har det hendt litt sidan forrige innlegg, og me startar med Live i "fuglehuset". Legg merke til at Live er først oppe, - ikkje heilt tilfeldig...



Det var litt verre å få ho ned att :-)



Så har me vore i "bonderomantisk" konfirmasjon i Levanger. Live ville nok helst vera sjåfør, men kjøreturen tok lang nok tid, sjølv om me ikkje brukte traktor.


Is-stopp i 28 grader ved Laksfors i Nordland. Vatn var det nok av...




Teltlivet blir ikkje det same etter vår siste nyvinning, - eit tunneltelt med full takhøgde og som tek opp halve plenen.





Me måtte straks ut og prøva teltet i den nordnorske sommarvarmen, så me fann oss ein teltplass i idylliske Sørvika ved Brensholmen (saman med 8 andre telt....). Men det var god nok plass til alle.


Frå teltet kl. 24 natt til sundag;


"...og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå."
Ein liten topptur tidleg ein sundagsmorgon. Utsikt over Brensholmen og Sommarøy på yttersida av Kvaløya, og den karakteristiske Håja ytterst i havgapet. "Campingplassen" vår er ved stranda nedst i biletet.

lørdag 7. mai 2011

Sydenliv

Som vår guide frå Apollo sa: "Her kan vi bade....., sole....., snorkle......., shoppe......, bade......., sole...... osv.


Vår korrespondent Live from the desert in Maspalomas.


Kameltur; skrekkblanda fryd for enkelte heilt til kamelen bæsja..... Etter det vart det berre gøy.





Me måtte jo opp på eit fjell, så kvifor ikkje ta eit av dei høgaste? Roque Nublo, 1700 m.o.h., ca. 10 grader.


Stor is er viktig, sjølv om han smeltar litt raskare enn i Tromsø.


Me bada nesten kvar dag og læringskurva når det gjaldt symjing var bratt for begge jentene.


Kjekt å leika i "verdas største sandkasse".


Flyturen heim gjekk greit takka vere godt erfarne pilotar.


Ikkje alle klarte å omstilla seg like fort då me kom heim att.

torsdag 10. mars 2011

Irene 8 år!

I dag fyller Irene 8 år, og det er ikkje tvil om at ho har blitt ei stor jente.

Ho likar svært godt å hjelpa til på kjøkkenet (når ho får sleppa til). Dette biletet er frå fjorårets julebakst (som vel endå ikkje er fortært...)

Irene er ei snill og flink storesøster som er glad i å finna på ting i lag med Live.

Som de sikkert har sett i forrige innlegg er Irene glad i å gå på ski og å vera ute på tur. Men ho er minst like glad i å bada, og dette siste biletet er frå symjetrening i Levi (Finland) no i vinterferien.

søndag 20. februar 2011

Fjelltur og bursdagsfeiring

I dag har Irene vore med på ein skikkeleg fjelltur. Me teipa fast nokre fellar på skia hennar, og jammen gjekk ho ikkje heilt opp på toppen av Finnlandsfjellet.

Toppen er på ca. 500 m.o.h. og me gjekk omtrent rett opp frå huset vårt.

Det var flott nysnø å renna i ned att, og Irene syntest nesten at det gjekk litt for sakte enkelte stader.
Sist helg feira me Live sin to-års-dag, og ho klarte å blåsa ut lysa utan å svi for mykje av luggen. (Så har ho heller ikkje så lang lugg....)

To populære gåver: Ei handlevogn full av plastmat, og MakkaPakka som må vera med på handleturen (og dei fleste andre stader).

søndag 13. februar 2011

Live 2 år!

Gratulerer med 2-års-dagen, Live!

Her følgjer nokre små glimt frå kvardagen:

Live er svært glad i å vera ute, og er overbegeistra når det har kome "asse nø". (Nei, det betyr ikkje Nasse Nøff, men masse snø.) Her har ho vore med å laga snølykt på julafta.

Skeptisk...?

Svært tilfreds :-)

På besøk på Irene sitt rom, og heilt oppslukt i boka ho fekk til jul om HinkelPinkel, HoppsiDaisy, MakkaPakka og for ikkje å gløyma HaHoene!

Ein skal tidleg krøkast...? Det er alltid populært når det er att ein liten rest PepsiMax frå kvelden før.

tirsdag 28. desember 2010

Magisk...

Strålande ver, perfekt føre og magisk lys!


Med nyglida fjellski og puddersnø frå fjære til fjell, vart skituren på Finlandsfjellet i føremiddag ein av dei aller beste (sjølv om dei er vanskelege å rangera). Med eit slikt lys i mørketida, er sola faktisk ikkje sakna.... :-)