
Då er me her nord òg blitt bloggarar (eller kva me skal kalla det på nynorsk). Første innlegg blir frå turen me hadde til Dividals-hytta frå onsdag til fredag.
Me starta tidleg på onsdag for å nå inn før det vart mørkt, men dei 7 kilometrane vart litt lengre enn me hadde tenkt på grunn av opne bekkar og etter kvart 10 cm klabbar under skia. Dermed vart det mørkt før me var framme, og siste timen gjekk me med hovudlykt.
Me må jo òg få med at Irene sat i pulk og var stort sett kjempenøgd, men etter at ho datt ut i ein bakke...., høyrde me oftare spørsmålet: "Faar, må vi ned her??"
Men me hadde to fine dagar på hytta til Turistforeningen, og Irene fekk både gått på ski og prøvd akebrettet i mørket (med eiga lykt, så klart). Som de ser av bileta var det litt i minste laget med snø, men nok til at me berre brukte halvparten så lang tid ned som opp.
På biletet under ser de utsikten frå hytta med Anjavassdalen til venstre og fjellet Njunis (1717 m.o.h.) til høgre.