søndag 24. desember 2006

GLADE JUL!



Me vil ynskja alle våre blog-lesarar ei
FREDELEG JULEHØGTID!


søndag 17. desember 2006

Snart snur sola...

Mørketida er snart på det mørkaste, men her nord er det eit lyspunkt. Det har kome mykje snø att. Me får håpa at mildveret ikkje tek knekken på skiføret på ny.


I tillegg begynner det snart å gå mot lysare tider. Fredag 22. desember "snur sola" og om berre 5 månader er midnattsola her. Her er nokre bilete frå ein fergetur me hadde på yttersida av Kvaløya i sommar, og me ser fram til at dagane på ny skal bli lengre.





søndag 3. desember 2006

Julebrev

Då er tida igjen komen for ei lita julehelsing. I år blir den fulldigitalisert, til glede for nokre og til frustrasjon for andre. Uansett synes me dette er den enklaste måten å få gitt eit bilete (eller fleire) av det som har hendt det siste året.

Året starta relativt snøfritt og mørkt, men i januar fekk me i alle fall til ein tur (til fots) til hytta Vervarslinga leigde. (No er leigeforholdet dessverre over.)

Utover vinteren kom det heldigvis meir snø, og særleg i mars og april fekk me mange flotte skiturar.

Irene sin 3-årsdag, 10. mars, vart òg feira med kaker, pudding- og gelè-tog og besøk av mange vener.

Når så vintersesongen var over fann me ut at me kunne klara oss utan dusj i ein månad og pussa opp badet. Dvs. me reiv ned det gamle,

og nokon som hadde greie på det, fiksa eit nytt. Det vart nokre turar med familiedusjing på Vervarslinga, men me er svært godt nøgde med resultatet.

Sommarferien starta med ein tur med hurtigruta. Irene vann nemleg førstegevinsten på Fjellheim-elevane sitt lotteri, og me fekk oss ein flott tur til Kirkenes ved Sankthans. Veret var litt varierande, men ikkje verre enn at me fekk oss eit bad ute på dekk. Det var i alle fall varmt i boblebadet.


Me fekk med oss mykje flott natur langs Finnmarkskysten, og her har me eit bilete frå Båtsfjord teke kl. 01 om natta.

Resten av sommaren var me stort sett sørpå, og høgdepunktet var vel turen til Danmark med bl.a. besøk i løveparken (her representert av kamelane).

Eit anna høgdepunkt var nok trampolinene me kom over omtrent overalt me var, spesielt for familiens yngste medlem.

Me fekk òg med oss ein helgetur i Bjerkreimsheiene saman med Solveig og Oddvar, og her er Irene og Kathrine på Øyestøl. Irene sat stort sett i bæremeis, men ho var svært ivrig på å gå sjølv, så eigentleg burde me hatt betre tid så ho kunne fått gått litt meir på eigne bein.

På tur nordover køyrde me litt på kryss og tvers i landet for å halda lengst mogleg på godveret, og var innom både Trollstigen og Røros.

Vel tilbake i Tromsø var det jammen Nord-Norge sin tur å få litt sommar, og me hadde nokre flotte utflukter i slutten av august, bl.a. på Store Blåmann og grilltur til Grøtfjorden.


Hausten i år har vore flott med ein god del fint ver. I midten av september var det flotte haustfargar, og her er Prestvannet på Tromsøya fotografert i morgonsola.

I oktober var Tore på tur i Dividalen nasjonalpark med to meteorologkamerater. Turen vart litt annleis enn tenkt p.g.a. litt for mykje snø i fjellet, men likevel fekk me oss nokre fine dagar på Voumahytta.

I slutten av oktober kjem mørket fort, men i år kom skiføret òg på denne tida, så me hadde eit par veker med perfekte forhold i lysløypa. Men etter det har det vore regn og mildver i lange tider, så no er det heilt svart ute. Det er godt det er advent og kort tid att til jul, slik at me snart kan sjå fram mot lysare tider.

I fjor feira me jul i lag med vener her i Tromsø. I år skal Irene for første gong feira jul i Ørsdalen saman med bestefar og nokre tanter og onklar.

Då gjenstår det berre å ønske dykk ei god jul og eit godt nytt år.

Julen er mere enn glitrende graner og skinnende sne,

julen er mere enn tilvente vaner og gang om et tre.

Julen er Jesus, Guds enbårne sønn.

Julen er himmelens svar på din bønn.