onsdag 28. mars 2007

Påskeavslutning i barnehagen

I dag hadde barnehagen invitert alle foreldre med seg til påskeavslutning hos Tromsø Familiepark. Her ser me Kathrine og Irene saman med Maria - eselet altså.


Irene var òg ein stolt ponniryttar, før me grilla pølser og hamburgarar i ein stor lavvo.

Til slutt vil me ynskja alle ei fin påske med vårt siste familieportrett. (Kanskje ikkje så lett å sjå kven som er kven??)


mandag 19. mars 2007

Lille Blåmann

Me har hatt besøk av Tor Ivar i helga og på søndag hadde me ein flott tur til Lille Blåmann her på Kvaløya. Føret var litt varierande oppover (og ikkje minst nedover) med litt for mykje skare, men utsikten var topp.


Toppen ligg på 844 m.o.h. og som de ser var det ganske avblåst og steinete heilt øverst. Ein liten stratusdott (skoddedott) la seg av og til over toppen, men det gav berre litt ekstra stemning.


mandag 12. mars 2007

Tidtrøyte

SESAM BILRACE OSLOSesam Bilrace Oslo

Actionfylt bilrace midt i Oslo sentrum. Prøv spillet her!

For dei som måtte ha lite å gjera! Eg har akkurat klart å kome under 4 minutt, men det er ein fin måte å bli kjent i Oslo på?! Også er det ganske kult å bruka Nitro-knappen ned slottstrappene....

lørdag 10. mars 2007

Irene 4 år!

Her er Irene utkledd som kanin i karnevalet til barnehagen.