mandag 26. mai 2008
Sesongens siste??
Sist veke var eg på ein nydeleg skitur til Stormheimfjellet (1181 m.o.h.). Det var skyfri himmel, vindstille og silkeføre. Over ca. 500 m. var snøen heilt tørr, og det låg eit fint lag med nysnø på det litt hardare underlaget. Fjellet ligg på fastlandssida mellom Ramfjorden og Ullsfjorden, og var akkurat passe bratt både opp og ned. Det er sjeldan eg har kosa meg sånn på nedkjøringa etter ein topptur.
Utsikt frå toppen mot meir alpine tindar, bl. a. Hamperokken.
Utsikt motsatt veg mot Breivikeidet og Ullsfjorden. Kanskje dette var sesongens siste skitur, men det hadde jo vore kjekt med ein tur i juni òg....

søndag 18. mai 2008
Melodi Grand Prix
Denne veka er det full rulle med Melodi Grand Prix (eller Eurosong som det heiter no). I år må nesten alle kvalifisera seg til finalen, og det betyr heile to semifinalar. Fantastisk! Det heile startar på tysdag, då bl.a. Norge og Maria skal delta.
Så er det ein ny semifinale på torsdag, før "le grande finale" på laurdag. Me har ope hus med Grand Prix-fest alle kveldane, så herved er DU invitert. Høgdepunktet blir sjøvsagt finaledagen med stemmeskjema og full pakke. Sendinga startar kl. 21 kvar kveld, og me startar oppvarminga frå ca. kl. 20.
Ein av våre favorittar i år er Sveits, og her er ein link til deira bidrag:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/352091
onsdag 14. mai 2008
Silkeføre
No er det silkeføre på fjellet her nord. Nysnøen som har kome dei siste dagane er tørr over 400-500 m. Med sol i tillegg (nesten heile døgnet) er forholda tilnærma optimale for toppturar. Desse bileta er frå Finnlandsfjellet (like bak huset vårt). Greit å få seg ein liten skitur før ein skal på jobb (ettermiddagsvakt, altså).
mandag 12. mai 2008
Kom mai du skjønne, milde...
...gjør skogen atter... hvit??!
Her er naboen sitt hus brukt som bakgrunn for å illustrera snøfallet. I natt har det kome rundt 10 cm nysnø, og Irene kan kosa seg med å lage "engler i sneen".
Snøen ligg heilt ned i fjæresteinane og med kuling i tillegg blir det ganske surt.
Men kva gjer vel det når det er lyst heile natta...?! For dei som lurte; skisesongen er langt ifrå slutt. No kjem det masse fin nysnø i fjellet, slik at me kan få nokre flotte skiturar i midnattsol i vekene framover. Det er fordelen med nysnø i mai:-)

søndag 4. mai 2008
Grilltur til Senja
Våren er her for fullt og ferga over Malangen har begynt å gå. I helga tok vi derfor en dagstur over til Senja i strålende vær.
Det finnes en rasteplass med flotte svaberg på Tungeneset i nærheten av Ersfjorden. Her parkerte vi oss selv og grillen, og tilbrakte nesten hele dagen med grilling, fisking og avslapping.
Det finnes en rasteplass med flotte svaberg på Tungeneset i nærheten av Ersfjorden. Her parkerte vi oss selv og grillen, og tilbrakte nesten hele dagen med grilling, fisking og avslapping.
Sammen med oss hadde vi Unni og Håvard (kolleger fra Vervarslinga) og hadde selvfølgelig valgt ut dagen med omhu for å få best mulig vær.
Det var nok boltreplass for både store og små, og Irene fikk prøvd ut både klatre- og balanseferdighetene.
Ganske idyllisk, men det tynne altocumulus-dekket på himmelen var ikke helt med i planen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)