tirsdag 16. juni 2009

Tur-orientering

Tur-orienterings-sesongen er i full gang, og nytt av året er at Irene har fått sine eigne kart og postar. Dette kallast Stifinner'n og består av i alt 40 postar fordelt over 4 område.



Her er Irene i full gang med å studera kartet for å finna vegen til neste post. Live er ikkje fullt så interessert enno.





Postane kan liggja ganske ulendt til, men Irene finn alltids ein veg slik at ho kan lesa koden på posten. Koden skriv ho sjølv ned på arket og registrerer den på internett når me kjem heim. Til no har ho funne 20 av dei 40 postane og leier statistikken på nettet.

1 kommentar:

kari sa...

Eg e imponert, Irene! Eg huske godt de kjekke orienteringsturane eg va med på sammen med dåkk, Tore! Kan ikke skryte av at eg va like flink som Irene e....