onsdag 29. november 2006

Det var ein gong ein vinter....

I begynnelsen av november hadde me rundt 70 cm snø på det meste og skiføret var topp. Eg trur faktisk ikkje eg har vore på skitur med sol før jul tidlegare her nord. No er både sola borte og det er nesten bart, så me får kosa oss med desse bileta så lenge og håpa på betre tider.


søndag 26. november 2006

Mørketidstur til Dividalen

Då er me her nord òg blitt bloggarar (eller kva me skal kalla det på nynorsk). Første innlegg blir frå turen me hadde til Dividals-hytta frå onsdag til fredag.

Me starta tidleg på onsdag for å nå inn før det vart mørkt, men dei 7 kilometrane vart litt lengre enn me hadde tenkt på grunn av opne bekkar og etter kvart 10 cm klabbar under skia. Dermed vart det mørkt før me var framme, og siste timen gjekk me med hovudlykt.

Me må jo òg få med at Irene sat i pulk og var stort sett kjempenøgd, men etter at ho datt ut i ein bakke...., høyrde me oftare spørsmålet: "Faar, må vi ned her??"


Men me hadde to fine dagar på hytta til Turistforeningen, og Irene fekk både gått på ski og prøvd akebrettet i mørket (med eiga lykt, så klart). Som de ser av bileta var det litt i minste laget med snø, men nok til at me berre brukte halvparten så lang tid ned som opp.
På biletet under ser de utsikten frå hytta med Anjavassdalen til venstre og fjellet Njunis (1717 m.o.h.) til høgre.