lørdag 13. februar 2010

Live 1 år!!!

Så var Live allereie blitt eitt år. Her skulle eigentleg vore ein kavalkade med bilete frå året som har gått, men me får nøya oss med desse to frå den siste månaden.

Her ser det ut som ho har fått overtaket på storesøster.

Eit motto frå Live: Kvifor ha TV når det er like gøy med vaskemaskin...??

søndag 7. februar 2010

Pappaperm på Tenerife

Sidan det likevel ikkje har vore noko særleg skiføre i nord i år, var det like greit å ta dei to siste vekene av pappapermen (eller fedrekvoten som det no heiter) i varmare strok.


Dei to siste vekene i januar vart difor tilbrakt på Tenerife og her ser me solnedgangen frå verandaen vår.


Etter to månader utan sol er det eigentleg rart kor fort ein blir van med både sol og 25 varmegrader. Den første veka var veret stort sett slik, og det vart bading både i basseng og sjø.


Den minste i familien nyt sydenLive....


Bading var heilt topp og måtte porsjonerast ut av foreldra elles hadde ho vel budd i bassenget.


Og kva gjer det vel om det er litt skyer ein dag. Då er det berre å ta turen over skyene og opp til 2000 m.o.h.


Her kan ein finna både gigant-kongler.....


... og merkelege striper i fjellet.


Her er vi ved eit av Tenerife's mest kjente motiv; Roque de Garcia med vulkanen Teide i bakgrunnen (Spanias høgaste fjell). Me gjekk ein liten tur i dette spesielle landskapet, og sjølv om me var over 2000 m låg temperaturen likevel på 17 grader.
Jentene i solnedgang på strandpromenaden i Playa de Las Americas.

Og til slutt brevet Irene skreiv til tannfeen då ho var så uheldig å svelga den lause tanna si :-)