søndag 29. november 2009

Mørketid

Mørketida er over oss, men så lenge det er klart og kaldt ver gjer ikkje det så mykje.

I ettermiddag var me ein tur opp til Finnvikvatnet for å testa skeise-isen og sjå etter nordlys.

Det var litt for mykje snø på vatnet til å gå på skeiser og nordlys såg me heller ikkje, men det var ein fin tur i måneskin og nesten 10 kuldegrader.

Tidlegare i dag var eg ein tur oppover lia bak huset vårt. Midt på dagen var det flott lys i sør, sjølv om sola ikkje kjem over horisonten på ei stund.

torsdag 19. november 2009

Takk for i år!

I dag såg me truleg dei siste solstrålene for i år. Sola klarer akkurat å vera framme ein time over fjella i sør. Dei neste dagane blir det nok for mykje skyer, så då må me venta til siste halvdel av januar til me kan sola oss att her nord.

Veret er jo ellers upåklageleg, men litt snø snart hadde ikkje vore å forakta.

Live likar seg best under bordet for tida, og kan åla seg fram og tilbake mellom stolbeina ganske lenge. Biletet er teke før ho vart svinifisert....

Og her har vi den som fekk svineriet med seg frå skulen. Her prøver ho å sjå ganske frisk ut, men det har ikkje vore slik heile veka. Så håper me i det lengste at me andre slepp unna.