lørdag 28. juni 2008

Nysnø og rabarbra

Som nevnt i førre innlegg går det atter mot vinter, og då skyene letta frå Tinden i dag, er det tydeleg at ein ny skisesong nærmar seg. Det kan sjølvsagt diskuterast om det heller er siste krampetrekninga til vinteren som var, og med tanke på at me enno ikkje har hatt over 20 grader i år, så får me kanskje halda oss til den teorien. Uansett; det er jo litt fint med grøn skog og kvite fjell:-)

Sjølv om ikkje temperaturen viser midtsommartakter, så er det heldigvis andre teikn som kan bekrefta det. Ein av dei få inntakbare tinga i hagen vår er rabarbra. Her fortærer Irene ein stilk, men eg har ein mistanke om at det er ein bra dose sukker på.


lørdag 21. juni 2008

Harde fakta

Så har det skjedd i år att - så alt for tidleg - før sommaren har starta skikkeleg (i alle fall her nord). Sola har i dag "snudd" og me går atter mot mørketida... Frå no av blir kvar dag litt kortare, og hausten er i anmarsj. Vel, det siste er det vonaleg ei stund til og me får tru på ein fin sommarferie før den tid.

Så eit par bilete av Irene sine nye aktivitetar. I dag var ho svært nøgd med at ho har lært å strikka, vel og merka ved hjelp av eit stativ, men likevel... Ho lagar ein duk som ho skal ha på nattbordet sitt.

Og så er det viktig å halda seg oppdatert på nyhetsfronten. Her får ho med seg siste nytt før leggetid.

søndag 8. juni 2008

Senja, grilling og kubb

På laurdag tok me ferja over til Senja i finveret. Det kan sjå ut som Irene har sykla heilt til fergekaia på Brensholmen, og me kan jo la dykk tru det....

Det var lenge sidan sist me var på Husøya, så me tok ein liten svipp utom der på vegen. Ut fjorden er det rett mot nordvest, så det er ikkje rart at nokre av husa er festa med bardunar.

Så var det klart for grilling på verandaen til Olufsen. I le for nordavinden var det nesten sommartemperatur, og me var glad for at me hadde med shorts.

Etter middag var det klart for eit par rundar med kubb. Jentene og gutane vann kvar si gong, noko den yngste deltagaren var svært nøgd med. Her er ho i full "action".
Etter dessert og åpningskamp i EM gjekk turen heim att via landevegen.