mandag 29. september 2008

September-stemningar

September har vore ein variert månad, men grovt sett kan me vel seia at veret var dårleg i starten og slutten og fantastisk midt på.


Her er Irene og Topsy på leit etter tranebær på Senja.


Flott raud haustlyng på Ringvassøya.


Kveldsstemning frå fergetur på yttersida av Kvaløya.


Tett skodde ved fergekaien på Larseng.


Etter at me hadde kome over med ferga letta skodda og Malangen viste seg frå si beste side.


Kuling og skikkelege bølgjer ved brua over til Sommarøy. Etter ei veke med feber og influensa var det godt å koma seg ut ein tur å sjå litt på veret.

torsdag 11. september 2008

Grilling i Telegrafbukta

Hilde er på besøk i byen og me fekk med oss ein gjeng til å nyta det flotte haustveret i Telgrafbukta.
Middagen er innteken og me er klare for desserten.


Familien Berget hadde med seg sin eigen duk. Irene meinte dei var tre babyar sidan alle tre låg på teppet :-)

Sol og vindstille; Kathrine er nøgd.

Og så eit bilete frå soloturen tidlegare i dag. Utsikt mot sørvest på det ytterste punktet av Ringvassøya. Sjølv om det var litt disig kunne ein sjå heilt til Andøya.

onsdag 10. september 2008

Indian summer

Endeleg har me fått Kola-høgtrykket "vårt". Etter ei veke med regn og 6 grader, slo sommaren til att med temperaturar opp mot 15 grader (ja, det kan definitivt kallast sommartemperatur i september) og skyfri himmel.

I går åt me middag ute på verandaen utan å sitja og hutra :-)


I dag var det på tide med årets tur på Tromsdalstind i strålande haustfargar.

Reinsdyra var òg på tur.

Nesten på toppen. Eg tok ikkje den brattaste vegen.....


Toppen (1238 moh.) i nysnø. Over 1000 meter var det ein del snø, og i skuggen litt vel isete i spora.


Utsikt mot byen. Sjølv om det låg snø på toppen var det definitivt ikkje kaldt. Temperaturen steig med høgden og eg kunne stort sett gå i berre ullskjorta.