fredag 25. april 2008

Blå ekstra

Trur aldri før eg har smurt med blå ekstra for å gå på ski i slutten av april, men i dag gjorde eg altså det. Silkeføre, skyfri himmel, vindstille og nyoppkjørte løyper. Turen gjekk frå Snarbyeidet til Tromsdalen, ein tur på 34 kilometer.



Og så må me berre ta med dette biletet i tillegg, sjølv om det er teke ein dag seinare. Irene har gått 4 km på ski (Trollvassbu i bakgrunnen), og me har starta grillsesongen i strålande "påskever".


Vinteren er flott, og i løpet av helga kjem våren :-)

lørdag 19. april 2008

Nordaførr

Ein liten konkorruanse; eit av desse bileta er teke på julafta, det andre no siste døgn. Kanskje ikkje så alt for vanskeleg med tanke på naboen sine dekorasjonar..?

Me kan like godt røpa det først som sist; me passerer no 1 meter snø på flat mark og det er enno litt meir i vente. Men for oss som har hatt "sommarferie" i mars, er det berre fint med litt utvida skisesong. Og for å ha det sagt: I rekordvinteren 1997 var det godt over 2 meter snø på same tidspunkt. Til samanlikning blir dette berre kos. Dessutan seiest det at det er eit sikkert vårteikn når det begynner å bli grønt her nord, dvs. at postkassane kjem til syne... :-)


Me får heller seia som han Halvdan:
Alt det du vet om e vintern som tappa dæ tom,
og natta som vet den har vunne.
Du har TVn og tankan, dæ sjøl og et rom,
og liv som har levd og forsvunne.
Du vet det e været som hold dæ førr narr,
men du kjenn ingen ansikta i januar.
Og du lengta mot lyset, fra mørket om morran,
og fra frosten som frys fast i såran.
-
Jo da, du vet du har venna, at du har det bra,
men tengan e tøngre å bær på.
Du e ensom og hjelpelaust nordaførr da,
de e langt inn til hjerta med klær på.
Du kunn ha gått ut, men kor henn sku du gå,
så håpa du heller at nån banka på.
Jo det veit å bit fra sæ, det landet vi lev i.
Han e lang vintern, men ikke evig!
-
Førr nu e det vår her i byen og gatan e bar,
det spire og gror i landet.
Og det gjør oss takknemlig førr det som vi har,
vi trur på oss sjøl litegranne.
Det hende vi tell og med føle oss fri,
vi vet vi e hjemme og her ska vi bli.
Vi e sterk og kan ta ka som helst når det kommer,
vi har sola og snart e det sommer.

tirsdag 15. april 2008

Verdens vakreste sjøreise

I helga var me på ein liten tur med Hurtigruta saman med Kristin og Svenn Magne. Sjølvsagt var det heilt tilfeldig at det var Trollfjord som gjekk.

Her er me ute og snur i Kirkenes.

Kaffe mocca med sugerøyr vart ein slager om kvelden.


Me var så populære at det vart hengt opp eit innramma bilete av oss, sjølv om ein av oss fekk pirat-look i løpet av turen.

Her er det koking på gang. Irene var ikkje heilt tilfreds, men det er ikkje fordi det er for kaldt. Stampen heldt minst 37 grader, så det var i varmaste laget.


Og så hadde me slikt ver nesten heile turen. Her er nærmar det seg solnedgang ein stad mellom Vardø og Båtsfjord.