søndag 24. desember 2006
søndag 17. desember 2006
Snart snur sola...
søndag 3. desember 2006
Julebrev
Året starta relativt snøfritt og mørkt, men i januar fekk me i alle fall til ein tur (til fots) til hytta Vervarslinga leigde. (No er leigeforholdet dessverre over.)
Utover vinteren kom det heldigvis meir snø, og særleg i mars og april fekk me mange flotte skiturar.
Irene sin 3-årsdag, 10. mars, vart òg feira med kaker, pudding- og gelè-tog og besøk av mange vener.
Når så vintersesongen var over fann me ut at me kunne klara oss utan dusj i ein månad og pussa opp badet. Dvs. me reiv ned det gamle,
Sommarferien starta med ein tur med hurtigruta. Irene vann nemleg førstegevinsten på Fjellheim-elevane sitt lotteri, og me fekk oss ein flott tur til Kirkenes ved Sankthans. Veret var litt varierande, men ikkje verre enn at me fekk oss eit bad ute på dekk. Det var i alle fall varmt i boblebadet.
Me fekk med oss mykje flott natur langs Finnmarkskysten, og her har me eit bilete frå Båtsfjord teke kl. 01 om natta.
Resten av sommaren var me stort sett sørpå, og høgdepunktet var vel turen til Danmark med bl.a. besøk i løveparken (her representert av kamelane).
Hausten i år har vore flott med ein god del fint ver. I midten av september var det flotte haustfargar, og her er Prestvannet på Tromsøya fotografert i morgonsola.
I oktober var Tore på tur i Dividalen nasjonalpark med to meteorologkamerater. Turen vart litt annleis enn tenkt p.g.a. litt for mykje snø i fjellet, men likevel fekk me oss nokre fine dagar på Voumahytta.
I slutten av oktober kjem mørket fort, men i år kom skiføret òg på denne tida, så me hadde eit par veker med perfekte forhold i lysløypa. Men etter det har det vore regn og mildver i lange tider, så no er det heilt svart ute. Det er godt det er advent og kort tid att til jul, slik at me snart kan sjå fram mot lysare tider.
I fjor feira me jul i lag med vener her i Tromsø. I år skal Irene for første gong feira jul i Ørsdalen saman med bestefar og nokre tanter og onklar.
Då gjenstår det berre å ønske dykk ei god jul og eit godt nytt år.
Julen er mere enn glitrende graner og skinnende sne,
julen er mere enn tilvente vaner og gang om et tre.
Julen er Jesus, Guds enbårne sønn.
Julen er himmelens svar på din bønn.