lørdag 31. januar 2009

Sol og skitur

Etter 2 månader utan sol er det fantastisk når ho dukkar opp att over fjella i sør. Og det blir fort lysare; 19. januar hadde me 3 minutt med sol, og dersom det hadde vore skyfritt i dag ville me hatt over 4 timar!!!!

Og det er no skisesongen tek til for alvor. Sjølv om det er fint å gå i lysløypa heile vinteren, er det ekstra stas å få litt lengre turar no når dagane vert lengre.

Her er eit bilete frå lysløypa forrige helg, då me var på tur alle "4". Etter at turen var ferdig konstaterte Irene at turen hadde vore alt for kort, så neste gong får det bli skikkeleg langtur:-)

tirsdag 20. januar 2009

Den veksande magen...

Etter mange oppfordringar (i alle fall den eine frå deg, anonym) kjem det her eit bilete av mor og barn før det store gjennombruddet. Ting kan vel skje omtrent kva tid som helst, men me håper det tek ei veke eller to til.

Så tek me med nokre teikningar frå kunstnaren i familien. Her har Irene teikna ein politimann i svart som er svært forelska i kjærasten sin. Ho kjem på besøk til han med ei kake i veska.

Nederst ser me tjuven som politimannen har sett i fengsel. Han har lekkjer både på hendene og føtene, og er ikkje særleg nøgd. Til høgre eit hjarte til både mor og far :-)

søndag 11. januar 2009

Forandring fryder

Sidan helga har vore prega av regn, vind og mildver, har me hatt god tid til inneaktivitetar. Dermed har me nytta sjansen til å førebu oss litt til det som skal koma, og flytta rundt på litt av kvart.

Den største endringa er at Irene har fått nytt rom og ny seng. Ho har flytta ned på det som har vore gjesterom, og i tillegg til senga er ho òg godt nøgd med både prinsesselampe og Ole Brum-gardiner. Samstundes har ho fått plass til nesten alle leikene på rommet, og det blir dermed litt betre plass i stova for oss andre:-)

søndag 4. januar 2009

Godt nytt snøår!

Nyttår vart feira på Senja i flott snøver, men det vart litt vanskeleg å sjå rakettane då :-)

Maten var som vanleg upåklageleg på desse kantar, og Irene var nøgd med at det ikkje vart nok ein potetmiddag.

Det var omtrent snøfritt då me kom, men om morgonen 1. nyttårsdag målte me 70 cm på altanen, og det snødde endå meir etter at dette biletet vart teke.

Til slutt eit bilete frå romjulsgøy i Hoppeloppeland. Irene var heilt i 100, og det er ikkje rart at ein blir oppfordra til å passa på å få barna til å drikka nok vatn her inne.