mandag 25. august 2008

Seinsommar

Sommaren her nord kom seint, men godt. Søndagen opprann med sol frå skyfri himmel, og me var nødt til å bestiga eit fjell. Valget fall på Brosmetind, som ligg ytterst mot havgapet på Kvaløya. Me har hatt besøk av Tor Ivar i helga (som utan tvil er den søringen som mest flittig tek i bruk gjesteromet vårt), og her er han behørig avbilda.

Etter den vesle toppturen vart det grilling (og vassing) i Grøtfjorden. Av meteorologiske årsaker (svak vind) slo me oss ned på motsatt side av fjorden enn me brukar, og det vart ein udelt suksess.

Medan gutane var på topptur, fann jentene ein ikkje ubetydeleg andel molter like ved vegen. Og det er meir der det kjem frå, og mange andre plassar i år....

Til slutt eit bilete frå Durmålstind (923 m.o.h.) her på Kvaløya i dag. Veret var minst like strålande som i går, og utsikten var enorm i alle retningar. Dette er utsikt omlag rett nordover.


onsdag 13. august 2008

Sommaren 08

Her kjem endeleg nokre bilete frå ein innhaldsrik sommar.


tirsdag 5. august 2008

Ein sommar er over...

... men den har ikkje vore så verst. Her er bilete frå to av høgdepunkta:


Først jettegrytene ved Treungen. Eit fantastisk badeland; heilt naturleg.


Så frå Astrid Lindgrens verden i Vimmerby. I denne gata handla Pippi 18 kg godteri. Ser ut som enkelte har blitt litt større...

Fleire bilete og meir info kjem om ikkje så altfor lenge.