mandag 25. august 2008

Seinsommar

Sommaren her nord kom seint, men godt. Søndagen opprann med sol frå skyfri himmel, og me var nødt til å bestiga eit fjell. Valget fall på Brosmetind, som ligg ytterst mot havgapet på Kvaløya. Me har hatt besøk av Tor Ivar i helga (som utan tvil er den søringen som mest flittig tek i bruk gjesteromet vårt), og her er han behørig avbilda.

Etter den vesle toppturen vart det grilling (og vassing) i Grøtfjorden. Av meteorologiske årsaker (svak vind) slo me oss ned på motsatt side av fjorden enn me brukar, og det vart ein udelt suksess.

Medan gutane var på topptur, fann jentene ein ikkje ubetydeleg andel molter like ved vegen. Og det er meir der det kjem frå, og mange andre plassar i år....

Til slutt eit bilete frå Durmålstind (923 m.o.h.) her på Kvaløya i dag. Veret var minst like strålande som i går, og utsikten var enorm i alle retningar. Dette er utsikt omlag rett nordover.


Ingen kommentarer: