søndag 30. september 2007

16 grader!!!

I dag har me hatt den varmaste dagen i haust. Det er ikkje ofte det er over 15 grader i slutten av september her nord. Me bestemte oss for å bidra litt ekstra til drivhuseffekten, så me kjørte ut til Brensholmen og fyrte opp eit bål.


Sjølv med litt skyer innimellom var det godt og varmt, og pølsene gjekk ned på høgkant.


I fjæra fann Irene mange små, rosa skjell som sjøvsagt måtte vera med heim.


Og alle var enige om enkelte sider av klimaendringane er flott.....

onsdag 19. september 2007

Haust er fred

Frå to flotte turar i Storelvadalen; ei naturperle kun ein halvtime å gå frå huset, men som til no har vore uutforska.


Sidan me hadde det så kaldt i slutten av august har det i år blitt ekstra fine haustfargar. Så får me håpa at det ikkje kjem ein kuling og øydelegg med det første.



Kathrine slappar av når ho er ute i naturen.

torsdag 6. september 2007

Hanging around...

Sidan me bur i ein by som etter vårt syn er prega av fråflytting, er det ikkje alltid like lett å finne nokon å "henge" med. Men med Irene på laget er det derimot lettare å finne noko å hengja i! Med målbevisst iver leia ho oss til ein stad oppi skogen som ho hadde vore ein gong før med barnehagen.

Me forstod ikkje skikkeleg før me kom fram, kvifor ho heile vegen opp snakka om henging. Irene meiner det her kan samanliknast med å hoppa ut i paraglider frå Fjellheisen, så kva blir det neste.... Vel, la oss ikkje hengja oss opp i det enno :-0