mandag 30. mars 2009

Påskever

Her i nord har me hatt eit fantastisk ver i helga. Reine påskestemninga; så får me berre vona at me ikkje har "brukt opp" heile finveret før påske.

Her er Espen på veg frå Snarbyeidet til Tromsdalen, ein tur på 34 km i flott natur like utanfor Tromsø.

Espen og Trond har drikke- og snopepause på eit av dei høgaste punkta på turen. Det må jo berre bli så bra ver når tre statsmeteorologar er på tur :-)

mandag 23. mars 2009

Tidleg krøkast :-)

Kva kan det vera Live er så fasinert av her? Ho har tydelegvis sete seg godt til rette i sacco-sekken og er 100% fokusert.

Aha! Eit godt tilbud frå Elkjøp. Ja, det er dumt å betala for mykje, men ikkje la deg lure, Live!


Javel, du venta eigentleg på dei kjekkasane?! Kanskje litt tidleg å bli hekta både på TV og menn som er ein del eldre enn deg.....

lørdag 14. mars 2009

Idol-møte

I dag fekk Irene treffa eit av sine idol. Lisa og Sofie Børud hadde konsert i byen, og etterpå fekk Irene både signert CD og klem av Lisa.

tirsdag 10. mars 2009

IRENE 6 ÅR!!!!!!




Dagen feires i barnehagen og på Peppe's :-)


torsdag 5. mars 2009

Diverse kvardagsglimt

Dei siste vekene har stort sett gått med til eting og soving (og litt skriking), i alle fall for den ferske i familien. Her kjem eit par bilete frå kvardagen i heimen.

Irene er ei kjempeflink storesøster og er svært glad i å få halda og bæra Live. Men det er kjekkast når ho ikkje skrik...

Det er mykje ein kan bruka som liggjeunderlag på kjøkkenbenken. Her testar Live ut fjøringa i RugFras-boksen.

Innimellom er det greit å få seg ein tur ut i finveret. Her er Irene på tur med faren ein liten tur i skiløypa i Håkøybotn.
Til slutt må me berre ta med eit par bilete av "rullegardina" til naboen. Det er eit avansert system som går ned av seg sjølv i sola om dagen. Men eg trur dei må forska litt meir på korleis dei skal få ho opp att om kvelden....


Perfekt skjerming for innsyn er det i alle fall :-)