tirsdag 10. juli 2007

Sommaridyll på Senja

Sist veke var me på dagstur til Senja. Me tok ferga over frå Kvaløya og kjørte til Ersfjorden der bading og grilling stod på programmet. Her er Irene klar til å fresa i veg på sin delfin-skuter.

Vatnet var faktisk ikkje kaldt (etter nordnorske tilhøve), noko Kathrine her kan bekrefta.

Her sit Irene ytterst på Tungeneset og nyt utsikten mot nordvest. Det er laga til ein flott natursti her i samband med at denne vegen blir nasjonal tursitveg.

torsdag 5. juli 2007

Mykje lys og mykje varme

Sommaren her nord kan vera lunefull, og det er ikkje meir enn litt over to veker sidan eg var på tur i sluddbyger. Men no er alt gløymt, og me nyt kvar godversdag me får. I dag var me ein tur opp mot Fløya (fjellet bak Fjellheisen), til ei gamal steinhytte.

Irene er sprek nok, og ville helst at alle skulle jogga opp :-) Utsikten er upåklageleg, og med litt vind vart ikkje insekta så innpåslitne heller.


Her har Irene bestege sitt eige fjell, og er klar for Tromsdalstind (som me ser i bakgrunnen) om ikkje så alt for lenge.