torsdag 31. januar 2008

Årets første tur til Kjølen

Med nordvestleg frisk bris og nokre snøbyger i området nådde me toppen av Kjølen for første gong i år. Sjølv om det no er ein halv meter snø i låglandet, var det ganske avblåst mange stader på veg oppover. Men elles var føret fint og nedturen gjekk som ein draum. Me fekk òg eit kort glimt av sola, men det er lite varme å få frå den kanten enno.



Turen gjekk saman med to andre meteorologar; Espen og Ane. Her har me funne ein plass i le av Avinor sin radar.

tirsdag 22. januar 2008

Sola er her

Sjølv om det var i overkant skya i dag, var det ein akkurat stor nok sprekk i skydekket i sør til at me fekk nokre minutt med sol. Som de ser av det siste biletet er tidspunktet også bekrefta. No ser me fram til meir snø og etter kvart lange og solrike dagar.


mandag 14. januar 2008

Mot lysare tider

I dag er siste dagen med mørketid i Tromsø. I følgje almanakken er sola over horisonten att i morgon, men det tek enno nokre dager før me kan sjå dei første solstrålene over fjella i sør. Dermed blir dette dei siste mørketidsbileta denne vinteren.




mandag 7. januar 2008

Nostalgi frå 80-talet

Gamle minner frå barndomen strøymer på. Barne-TV er definitivt ikkje det det eingong var.... Har teke med eit lite utvalg av linkar; det finnes mykje meir.


"Glungen": http://www.youtube.com/watch?v=rAo1xjSBIH4


Shagma: http://www.youtube.com/watch?v=wvIqDPjbuSg


Lekestue: http://www.youtube.com/watch?v=L7Q3i3UVsDw


Og til slutt eit lite eksempel frå nærare fortid på kvifor det ikkje fristar å bli TV-kjendis:


http://www.youtube.com/watch?v=865NR4GwfiE


tirsdag 1. januar 2008

Godt nytt år frå mørketidslandet

Her kjem eit knippe stemningsbilete av mørketida no i nyttårshelga.
Det første er ved Målselva, der faktisk isen har gått i slutten av desember. Var det nokon som trudde at mørketida var trist?

Men det frys nok snart til att. Det var i alle fall nok rim på trea mange stader langs vegen. Dette biletet er teke i fart medan dei andre i bilen sov.... Noko må eg jo finna på :-)

Utanfor Harstad var det skikkelig julestemning og skiføre når ein kom eit par hundre meter opp i høyden. Dessverre hadde me ikkje med ski...

...så på nyttårsafta køyrde me heller ein tur på den nye Lofast-vegen. I Lofoten er mørketida snart slutt, og me hadde eit fantastisk lys-spel på himmelen som er umogleg å festa til kamera. Dette biletet er mot Skrova like utanfor Svolvær.


Og då vil me ynskja alle våre trufaste tilhengarar eit retteleg GODT NYTT ÅR!!