lørdag 24. november 2007

Kjekt med garasje

Nå har vinteren slått til for fullt, og i den forbindelse er me svært glad for at me får låna ein garasje av naboen. Som de ser sparer det oss fort for ein del arbeid. Men det kan virka som om bilen har blitt forkjøla av å stå inne... (Det kjem ikkje fram på biletet, altså.)


fredag 16. november 2007

Til minne om bestemor

I dag er det 2 år sidan bestemor døydde. Her er eit av dei siste bileta me har av ho saman med Irene. Det er teke på ein grilltur til Torsvåg i Nord-Troms sommaren 2005. Me skulle hatt så mange fleire turar i lag, og saknar deg mykje.


onsdag 14. november 2007

Snart mørketid

Dagslyset minkar for kvar dag, men dersom ein kjem seg opp i tide, er det nok lys til å få ein god tur midt på dagen. Og det hjelper om ein har avtala tur med nokon andre på førehand.

Dermed fekk eg ein flott tur i lag med Gjermund inn Saltdalen (ein sidedal til Lavangsdalen) tidlegare i veka. Det tynne snølaget var ikkje til hinder for ein skikkeleg fottur.

Med litt meir snø er det flott skiterreng innover her, om ein held seg borte frå rasfarlege område.

onsdag 7. november 2007

Mimretur til Oslo

I helga hadde me ein barnefri tur til gamle trakter i Oslo. Veret var strålande, og me fekk tid til både shopping, besøka vener og litt avslapping.

På søndagen tok me turen opp til Grønlibakken der me budde dei tre første åra etter at me gifta oss. Den vesle verandaen ut frå toppetasjen vart flittig brukt frå 95 til 98. (Og no snakkar me ikkje om det store huset på biletet over, hvis det var nokon som lurte....)

Etterpå tok me oss ein tur langs Østensjøvatnet og fann ut at me hadde budd ganske så landleg berre nokre kilometer frå Oslo sentrum.

Men me skjøna raskt at livet i Tromsø er rolegare, då me etter berre ein halv dag i storbyen var godt inne i "løpe etter trikk/bane/buss-modus", sjølv om neste gjekk kun 10 minutt seinare....