mandag 31. mars 2008

Glimt frå den nord-norske hoppveka

Arrangementet fann stad på Skoghus i helga. Irene satsar friskt og startar stadig lengre opp i bakken.

No er det like før....

Litt dårleg sats denne gongen...

Nedslaget trekkjer litt ned, men elles var stilen upåklageleg.

Med litt meir øving har me ei ny Anette Sagen på gang!

torsdag 6. mars 2008

Karneval og bursdag

Det er karneval-tid og det var ikkje tvil om kva Irene ville vera i år. Prinsesse-faktoren er høg og dette er visstnok Tornerose. Om ikkje mange dagar er denne prinsessa 5 år, og me nyttar høvet til å gratulera masse med dagen.

tirsdag 4. mars 2008

Skiweekend på Riksgränsen

I helga var me med på skiweekend til Riksgränsen ved Bjørnefjell. Veret var strålande, og på tross av kuling på norsk side, var det nesten vindstille i Sverige. Og godt var det sidan temperaturen låg mellom 10 og 20 kuldegrader. Men kulden gjorde forholda perfekte for denne "lysfontenen"; iskrystallar som reflekterer sollyset og ser ut som ei lysstråle som står opp frå bakken.

Nokre hadde meir luftige svev enn andre. Her er Aleksander i ein baklengs salto, trur eg.

På spelefronten vart Sequence ein suksess, men lite veit dei om kva som lurer på utsida...

"Akta er för vargen!!" Her har ulven tydelegvis teke på seg kleda til Rødhette.

Irene har blitt ein racer på ski, og var først litt skuffa over at ho ikkje fekk vera med i den store bakken. Men ho konkluderte raskt med at det var nok av passande bakkar rundt leirstaden. Her er ho i farta i ein av dei utan respekt.