tirsdag 4. mars 2008

Skiweekend på Riksgränsen

I helga var me med på skiweekend til Riksgränsen ved Bjørnefjell. Veret var strålande, og på tross av kuling på norsk side, var det nesten vindstille i Sverige. Og godt var det sidan temperaturen låg mellom 10 og 20 kuldegrader. Men kulden gjorde forholda perfekte for denne "lysfontenen"; iskrystallar som reflekterer sollyset og ser ut som ei lysstråle som står opp frå bakken.

Nokre hadde meir luftige svev enn andre. Her er Aleksander i ein baklengs salto, trur eg.

På spelefronten vart Sequence ein suksess, men lite veit dei om kva som lurer på utsida...

"Akta er för vargen!!" Her har ulven tydelegvis teke på seg kleda til Rødhette.

Irene har blitt ein racer på ski, og var først litt skuffa over at ho ikkje fekk vera med i den store bakken. Men ho konkluderte raskt med at det var nok av passande bakkar rundt leirstaden. Her er ho i farta i ein av dei utan respekt.

Ingen kommentarer: