mandag 28. september 2009

Tur i Reisadalen

Med eit vervarsel som sa storm og regn i helga, valgte tre meteorologar å leggja i veg på tur inn Reisadalen. Og det var sjølvsagt ikkje heilt tilfeldig at veret der inne var heilt annleis enn i resten av Troms...

søndag 13. september 2009

Sykkeltur til Treriksrøysa

Kva er vel betre når det er grått og litt regn i Tromsø enn å ta ein tur til våre naboland i aust? Me bestemte oss for å kjøra til Kilpisjärvi i Finland, ta båten Malla over til Koltaluokta i Sverige og så gå (eller sykla) dei tre kilometrane tilbake til Noreg og Treriksrøysa.

I starten er stien nemleg så god at det er fullt mogleg å sykla, og Irene fekk snart eit føresprang.


Etter kvart fann me imidlertid ut at det var lettare å gå, så siste halvdelen og vel så det vart tilbakelagt til fots.
Vel framme tok me ein rundtur innom alle dei tre nordiske landa; her med Norge i bakgrunnen.


For Live var det nok ekstra gøy at hennar første tur til desse nabolanda vart som eit Kinderegg; tre land på ein gong. (I alle fall gøy for foreldra...)

tirsdag 8. september 2009

La det regne, la det berre snø....

Ja, no er me godt rusta for vintersesongen her nord. Garasjen er så godt som ferdig. Det gjenstår berre å leggja inn straum. Så då skulle me ha god plass til endå meir rot....


Litt kontrast samanlikna med resten av garasjerekkja, men det er ikkje vårt problem :-)

Og i heimen er me godt nøgde med denne dingsen som bles varme vindar gjennom heile huset. Så då er det berre å venta på den første hauststormen.


Til slutt eit par bilete frå ein liten piknik i det fine haust/seinsommar-veret me har hatt dei siste vekene. Tiger-jentene ser ut til å kosa seg ute i det fri.