søndag 28. januar 2007

Kom og grav oss ut!

Hjelp! Me snør ned! No har det snødd meir eller mindre heile helga. Med litt vind i tillegg har det vore nesten uframkomeleg ute til tider.



Det er relativt stor snøskredfare rundt huset til naboen.

Me har ein liten skavl ut frå vært hus, òg.

Irene har fått sitt eige hus like ved sida av postkassen.

I dag er det 91 cm ved målestaven på Vervarslinga. Det er snart 10 år sidan rekorden på 240 cm vart sett, men det er ikkje mogleg å førestilla seg kor mykje snø det er. Men dersom dette veret held fram til 29. april (som er datoen for rekorden), så blir det ikkje vanskeleg å setja ein ny rekord.

Velkomen til...



...Jurassic Park. Vesle Dino er endeleg utklekka og fullvaksen etter nesten ei veke i vatn. Irene lurte ei stund på om han kom til å springe rundt i stova. Kven veit kva som skjer om Irene har han med i badekaret....??

lørdag 27. januar 2007

Eggerøre, part III

Dette ser stadig skumlare ut. No må de vel sjå kva det er??



torsdag 25. januar 2007

Eggerøre, part II

Skummelt!! Noko har begynt å skje, men kva er inni egget?? Kanskje me har lyst på kylling til middag?



Følg med i løpet av helga, så får de kanskje eit svar.

søndag 21. januar 2007

Eggerøre...

Irene har lagt det store egget - i vatn. Men kvifor det?


Kva er det slags egg? Har me fått struts eller planlegg Irene rett og slett berre ein skikkeleg omelett?


Følg med i vår eggefølgje(kar)tong.

lørdag 20. januar 2007

Sola tilbake!

I dag kunne me sjå dei første strålene av sol i år, sjølv om skyene sjølvsagt måtte liggja akkurat i sør. Dermed klarte me ikkje å sjå sjølve solskiva. Desse bileta er tekne omtrent kl. 11, og det er lysare enn det ser ut.

Men no går det fort framover; allereie i slutten av januar er sola oppe i over fire timar og om tre og ein halv månad er det lyst heile døgnet.


lørdag 6. januar 2007

Det lysnar

No er det berre litt over ei veke til mørketida er over for denne gong og sola er over horisonten att. Og om knapt to veker vil me sjå sola mellom fjella i sør (heilt til høgre i biletet), dersom veret er like fint som det har vore i dag.


Har hatt ein runde ikkje langt frå der me bur og teke ein del tur-orienteringspostar i klarver og ca. 5 minusgrader. Post nr. 21 heng på treet til venstre og er på toppen av Eidehaugen.