mandag 26. februar 2007

Tur med Hurtigruta

I helga var me ein tur med Hurtigruta til Svolvær i lag med Kristin og Svenn Magne. Her er me i land ein liten tur i Stokmarknes.


Irene har vore ein tur i baren og fått seg ein spesialdrink; kaldvann med appelsinbåt i.


Utsikt frå panoramasalongen.


Her er me på veg gjennom den 4 km lange Risøyrenna. Ein kanal som frå 1922 gjorde det mogleg for Hurtigruta å gå via Vesterålen i staden for gjennom Tjeldsundet.

tirsdag 20. februar 2007

Klart og kaldt

No har me i over ei veke hatt kjempefint vinterver att. Her er nokre bilete frå ein kald tur eg hadde opp mot Kvitfjellet ute i Kattfjorden på yttersida av Kvaløya. Det var mellom 10 og 15 kuldegrader, og med litt vind i tillegg vart det ganske surt til tider. Men fint var det!



Her er ei vindmølle som er sett opp med prøvedrift for nokre år sidan. Det er meininga det skal koma mange fleire på sikt.

Flott utsikt sørover mot Malangen og Senja.

torsdag 15. februar 2007

KATHRINE 29 ÅR!?!!

...for 3. år på rad. Her er ho på toppen av Store Blåmann; det høgaste fjellet på Kvaløya (1044 m.o.h.). Dette var i sommar, og ho var sprek og rask...

No ser det ut som alderen har begynt å tyngja litt meir, og ho har sovna i gyngestolen :-)


lørdag 10. februar 2007

Tiddelibom...

...og huttemegtu!

Inngangspartiet vårt i går ettermiddag, før snøplogen hadde kjørt forbi.


I dag laga me først ein liten gang slik at Irene kom seg ut på vegen.


Irene og Kathrine er ikkje redd for å ta i eit tak....

Det blir sagt at det er vår når det begynner å bli grønt. For Tromsø sin del vil det seia når postkassane kjem til syne att. No er me halvvegs til rekord (120 cm), så kanskje me må bruka postkassane som vårteikn i år.

Det må presiserast at Irene definitivt ikkje står nede på trappa her.

mandag 5. februar 2007

Strålande vinterver

Har vore ute på ein liten skitur i føremiddag i nydeleg ver. Sola har kome ganske høgt på himmelen, og er no oppe i over 5 timar. For dei som måtte sakna skiføre, er det berre å koma på besøk. Her har me ein heil meter.