fredag 26. oktober 2007

Hausten tilbake

No har me hatt rundt 10 grader både dag og natt i snart ei veke, så vinteren har forlengst slept taket. Til og med på fjellet er det snøfritt. Her er bilete frå ein liten fjelltur tidlegare i dag i strålande ver.

Og reinsdyra ser ut til å kosa seg.....


torsdag 11. oktober 2007

Smak av vinter

Så var det klart for den første snøen her nord. Sjølv om den var veldig godt varsla, var det mange som ikkje hadde fått med seg at det var på tide å skifta dekk på bilen. Men det blir nok ein kortvarig visitt denne gongen, så får me håpa på at det heller blir skiføre til mørketida.