mandag 24. november 2008

Tur til Blåfjell

I helga var me på tur til det nye Blånisselandet i Målselv fjellandsby. Sjølv om me ankom midt på dagen, var det ingen ting å seia på det blå lyset.


Me hadde kledt oss godt sidan det var litt sur vind, men det var ikkje nødvendig då alle aktivitetane var innandørs. Her er Irene på veg over ei bru og klar for sklia.

Det var ikkje så lett å ta bilete inne sidan det var ganske mørkt mange stader, men nedanfor fekk me knipsa ein kombinert raud- og blånisse framføre skrotet til Mamsen og Lillegutt (t.h.???).

Og denne nissen er svært nøgd med at den blå timen for tida er ganske lang her nord, slik at ho får god tid til å skremme bygdefolk!!

søndag 16. november 2008

Hurra for vinteren!

Endeleg kan skisesongen begynna. Dei siste dagane har det kome ein del snø, og det er meir i vente. Det set både store og små pris på; skiløypa i hagen er sikkert snødd igjen allereie.