søndag 30. mai 2010

Share the moment!

I helga tok me ein snartur til Oslo og Telenor Arena. Og det var absolutt verdt det å for første gong få med seg ein Melodi Grand Prix-finale live. For eit show!!!

Her er me klar utanfor Telenor Arena. Kathrine i ny kjole for høvet.

Og jammen traff me på kjentfolk òg. Steminga var på topp allereie lenge før finalen hadde begynt. Kathrine prøvde til og med å bytta til seg eit tysk flagg, sidan det heile tida har vore vår favoritt.

Men me måtte klara oss med det norske flagget, og Didrik var jo ikkje så verst han heller. Me hadde veldig bra plassar på den bakerste tribunen, og sjøv om artistane var litt langt unna, var lyd og lys upåklageleg. I tillegg fekk me med oss det meste på storskjermar.

Her er salen snart fyllt opp før sending, og ei gruppe varma opp med gamle Grand Prix-slagerar.

Det var rett og slett imponerande korleis scenen forandra seg mellom dei forskjellige artistane, og det var ein av dei tinga som var mykje betre å oppleva live enn på tv. Steminga i salen var òg enorm, og til slutt vart det fortent jubel for Lena og Tyskland!

Så då spørs det om me må planleggja tur til Tyskland 21. mai neste år, for dette gav meirsmak :-)

mandag 17. mai 2010

Tidenes 17. mai

Årets 17. mai vart tidenes varmaste i Tromsø (og sikkert mange andre stader i Nord-Noreg). Den tidlegare rekorden på 18,6 grader frå 1937, vart slått ned i støvlane. I dag har me vore oppe i 21,3 grader. Dermed var det berre å leggja dressjakken att heime, for dei som kunne det...

Irene gjekk saman med resten av 1. klasse i barnetoget på Kvaløysletta, medan Live er nøgd berre ho får lov til å gå. På biletet under er ho på tur saman med storesøster. Og ullsokkane er kun for at foten skal passa i sandalane, ikkje fordi det er så kaldt....



Me tek også med eit par bilete frå laurdag, då me var på grilltur til Nord-Lenangen saman med Olufsens. Flott sommarver med dei kvite Lyngsalpan i bakgrunnen.


Berre synd me ikkje har passert pinse enno og den berykta "pinseria"....

søndag 2. mai 2010

Barnegospelfest

I helga har Irene (og Live) vore på barnegospelfest her i byen. Det var samla fleire kor frå Narvik i sør til Svalbard i nord, og til saman var det rundt 100 barn. Det store trekkplasteret var jentegruppa Seven, og i går var det stor felleskonsert.


Irene er med i Kvaløysletta Barnegospel. Ikkje så lett å sjå henne kanskje, men ho er ei av dei i oransje T-skjorte. Og på videoklippet ser det ut som Live er heilt klar for opptaksprøve i Seven....