mandag 17. mai 2010

Tidenes 17. mai

Årets 17. mai vart tidenes varmaste i Tromsø (og sikkert mange andre stader i Nord-Noreg). Den tidlegare rekorden på 18,6 grader frå 1937, vart slått ned i støvlane. I dag har me vore oppe i 21,3 grader. Dermed var det berre å leggja dressjakken att heime, for dei som kunne det...

Irene gjekk saman med resten av 1. klasse i barnetoget på Kvaløysletta, medan Live er nøgd berre ho får lov til å gå. På biletet under er ho på tur saman med storesøster. Og ullsokkane er kun for at foten skal passa i sandalane, ikkje fordi det er så kaldt....



Me tek også med eit par bilete frå laurdag, då me var på grilltur til Nord-Lenangen saman med Olufsens. Flott sommarver med dei kvite Lyngsalpan i bakgrunnen.


Berre synd me ikkje har passert pinse enno og den berykta "pinseria"....

1 kommentar:

Anonym sa...

Flotte jenter! Håper været neste 17 mai tillater Live å bruke sandalene uten lester inni:) God pinse snart! Hilsen Toril A.