tirsdag 25. desember 2007

Draumen vart oppfylt

Og for den som fekk nye ski til jul var det jo kjekt at det i det minste var skiføre på plenen i dag.

Framleis GOD JUL!

mandag 24. desember 2007

I'm dreaming of a white Christmas...

...men ikkje alle draumar går i oppfylling. I følge sikre kjelder på Meteorologisk institutt skal det begynna å snø i løpet av kvelden, men no kl. 17 er det framleis regn og bar bakke. Dermed blir det vår første svartgrønne jul nordpå, og det er faktisk berre 10. gongen det skjer sidan målingane starta rundt 1920. (Men huset til naboen har jo nok julestemning for oss alle...)


Inne er i alle fall julestemninga på topp! Me har allereie sett oss til bordet og reknar med at maten kjem på plass av seg sjølv.

Og med dette vil me ynskja alle våre blogg-lesarar ei fredeleg og god jul!

lørdag 22. desember 2007

Sola har "snudd"

Så går det endeleg mot lysare tider att. I dag tidleg kl. 07.08 "snudde" sola. I år vart det så seint som 22. desember, men det vert retta opp av skuddåret neste år. Her er eit bilete frå årets mørkaste dag, med vissa om at sola dukkar opp i sør om knapt ein månad. Biletet er teke midt på dagen.

Mens me ventar på lysare tider, kan me jo samanlikna biletet over med dette som er teke midt på natta i juni i år. Me gler oss allereie til dei lyse sommarnettene....

lørdag 15. desember 2007

Sankta Lucia

På torsdag var det juleavslutning i barnehagen med innlagt Luciatog. Litt rotete oppstilling, men stor stas. Irene song av full hals, og la kanskje inn ein søknad om å få vera Lucia til neste år.


tirsdag 4. desember 2007

Stor nok?

Me klarte ikkje å venta heilt til jul, og har allereie opna julegåva frå oss til oss. Irene syntes visstnok ikkje tv'en var stor nok, så første kvelden var det like greit å bruka kikkert. Kanskje ho ser ting litt meir i dybden?