onsdag 30. mai 2007

Kretsmøte på Grøtavær

Det vart ein flott ramme rundt kretsmøtet på Grytøya utanfor Harstad i pinsen (eldgamal klisjè). Me budde på det nedlagte Grøtavær fort, som no fungerer som leirskule.


Utsikten utover sjøen var upåklageleg, og enkelte fekk jo litt heimlengt av alle sauene i området.

Det var fint å gå tur vidare utover øya, berre synd me fekk så lite tid til det. Her er det utsikt mot vest og Andøya. Det er faktisk Andøya alt det me ser bakerst i biletet, men den er utruleg flat på midten. Ikkje like lett å overbevisa alle om det....

lørdag 19. mai 2007

Mai & Midnattsol

Det vart ein verdig avslutning av skisesongen i natt. Dette biletet er frå Kjølen (790 m.o.h.) kl. 00:10. Strålande ver med midnattsola i nord. Nesten rart at det ikkje var fleire Tromsøværingar som benytta sjansen. I år slapp eg til og med å bæra skia i starten.

Tidlegare på dagen var Irene og underteikna på tur i fjæra utover langs Kaldfjorden. Det er endeleg vår i låglandet. Her har Irene gått over ein kilometer og må ha ein liten pause.

Så har det visst vore 17. mai òg. Irene poserer villig i OBS-bunaden, men hatten må vel vera ekstrautstyr. Me var mest inne på 17. mai.....

Årets parole i toget var: "Ja til eit fargerikt paraplyfellesskap!"


mandag 14. mai 2007

Vårteikn

Første vårteiknet er at Irene kan sykla til barnehagen. No har ho fått seg tohjuls-sykkel (med 4 hjul) og trør i veg. Sekken skal ho helst òg bera sjølv (fint så lenge det varer).

Er dette eit vårteikn då? Eller er det berre hendene til Irene som veks litt fortare enn resten av kroppen. Eg har høyrt at det kan skje om våren... Men det kan òg henda at det er vårreingjering på gang.

På søndag var det endeleg ein litt varm dag (8 grader), og her ser de ein av grunnane til at me bur her. Nydeleg ver på yttersida av Kvaløya med utsikt mot Senja.
Me var delvis i lag med Barnas Turlag og 80 andre ungar, men stranda vart ikkje overfylt av den grunn. Så det er plass til fleire her nord.

fredag 4. mai 2007

Tur til Vesterålen

Sist helg var me på tur til Vesterålen saman med foreldrene til Kathrine. Dette første biletet er teke i nærleiken av Nykvåg, og det karakteristiske fjellet ytterst heiter Nyken.


Irene sin første kommentar då me kom ned til fiskehjella var: "Mmmm, her lukta det godt!" Kanskje ikkje det første me tenkte, men ho er svært glad i tørrfisk-snacks.

Neste dag tok me turen ut til Nyksund, eit nedlagt fiskevær som dei siste åra har blitt restaurert og fått fleire fastbuande. Særleg er det fleire tyskarar som har slått seg ned her, og det er no mogleg med både overnatting og å få seg noko å eta.


Ikkje alle husa ser like innbydande ut, men det har likevel skjedd store forandringar dei siste åra. For 15 år sidan heldt fleire av husa på å siga ut i sjøen.



Me fekk òg ein tur opp på Myretind (350 m.o.h.). Det er 20 år sidan sist underteikna var her og det var mitt første møte med Nord-Noreg. Kathrine hadde ikkje vore på toppen før, og var begeistra over den flotte utsikten både utover havet og over området rundt Myre.