fredag 16. november 2007

Til minne om bestemor

I dag er det 2 år sidan bestemor døydde. Her er eit av dei siste bileta me har av ho saman med Irene. Det er teke på ein grilltur til Torsvåg i Nord-Troms sommaren 2005. Me skulle hatt så mange fleire turar i lag, og saknar deg mykje.


1 kommentar:

Anonym sa...

Kjære Irene, Katrine og Tore!

Var heime i Ørsdalen i går. Kjenner på saknet av mor me og.

Eg er ein gjest i verda, På reis som framand her. Den trøyst eg har på ferda: Min heim i himlen er ...'

Der har eg mine kjære, Der skal me møtast att Og evig saman vera ein dag forutan natt. Der er min frelsar god, som flyta let sitt blod. Eg er ein gjest i verda. Min heim i himlen er.
Klem frå tante og Johannes.