tirsdag 15. april 2008

Verdens vakreste sjøreise

I helga var me på ein liten tur med Hurtigruta saman med Kristin og Svenn Magne. Sjølvsagt var det heilt tilfeldig at det var Trollfjord som gjekk.

Her er me ute og snur i Kirkenes.

Kaffe mocca med sugerøyr vart ein slager om kvelden.


Me var så populære at det vart hengt opp eit innramma bilete av oss, sjølv om ein av oss fekk pirat-look i løpet av turen.

Her er det koking på gang. Irene var ikkje heilt tilfreds, men det er ikkje fordi det er for kaldt. Stampen heldt minst 37 grader, så det var i varmaste laget.


Og så hadde me slikt ver nesten heile turen. Her er nærmar det seg solnedgang ein stad mellom Vardø og Båtsfjord.

1 kommentar:

kari sa...

Fantastisk!!!!! Lenge siden eg har tatt hurtigruta nå....
Sorry at eg aldri svarte på den meldinga før påske.... Eg leve ennå, e blitt elendig te å svare på meldinga.... Men som ein fattig trøst, så va eg ikke tilgjengelig når dåkk va sørpå....
Gratulerer med overstått, Tore!!!!