mandag 29. september 2008

September-stemningar

September har vore ein variert månad, men grovt sett kan me vel seia at veret var dårleg i starten og slutten og fantastisk midt på.


Her er Irene og Topsy på leit etter tranebær på Senja.


Flott raud haustlyng på Ringvassøya.


Kveldsstemning frå fergetur på yttersida av Kvaløya.


Tett skodde ved fergekaien på Larseng.


Etter at me hadde kome over med ferga letta skodda og Malangen viste seg frå si beste side.


Kuling og skikkelege bølgjer ved brua over til Sommarøy. Etter ei veke med feber og influensa var det godt å koma seg ut ein tur å sjå litt på veret.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så fine bilder:) Lurte på en ting; har dere fått dere hund?:) Ligner litt på Odin:)

Anonym sa...

Det er nok ikkje vår hund, men det er veldig kjekt å besøka han (og eigarane hans på Senja). Og det hender at Irene kallar han for Odin (eller Hodin som ho seier...).