lørdag 21. juni 2008

Harde fakta

Så har det skjedd i år att - så alt for tidleg - før sommaren har starta skikkeleg (i alle fall her nord). Sola har i dag "snudd" og me går atter mot mørketida... Frå no av blir kvar dag litt kortare, og hausten er i anmarsj. Vel, det siste er det vonaleg ei stund til og me får tru på ein fin sommarferie før den tid.

Så eit par bilete av Irene sine nye aktivitetar. I dag var ho svært nøgd med at ho har lært å strikka, vel og merka ved hjelp av eit stativ, men likevel... Ho lagar ein duk som ho skal ha på nattbordet sitt.

Og så er det viktig å halda seg oppdatert på nyhetsfronten. Her får ho med seg siste nytt før leggetid.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei. Koseleg å fylgja med dykk på bloggen. Full konsentrasjon. Det er flott, Irene! tante og Johannes