Til slutt ein bekreftelse på at underteikna har vore på Lille Blåmann i år òg. Her saman med meteorolog-Espen.
Velkomen til å fylgja med på litt av det som skjer med familien Vassbø i Ishavsbyen. Me vil prøva å gje eit inntrykk både av aktivitetar i dagleglivet og dei varierande årstidene her nord. Stikk gjerne innom oss ofte - neste oppdatering kan vera få sekund unna.
Til slutt ein bekreftelse på at underteikna har vore på Lille Blåmann i år òg. Her saman med meteorolog-Espen.
Gamle minner frå barndomen strøymer på. Barne-TV er definitivt ikkje det det eingong var.... Har teke med eit lite utvalg av linkar; det finnes mykje meir.
"Glungen": http://www.youtube.com/watch?v=rAo1xjSBIH4
Shagma: http://www.youtube.com/watch?v=wvIqDPjbuSg
Lekestue: http://www.youtube.com/watch?v=L7Q3i3UVsDw
Og til slutt eit lite eksempel frå nærare fortid på kvifor det ikkje fristar å bli TV-kjendis:
http://www.youtube.com/watch?v=865NR4GwfiE
Men det frys nok snart til att. Det var i alle fall nok rim på trea mange stader langs vegen. Dette biletet er teke i fart medan dei andre i bilen sov.... Noko må eg jo finna på :-)
Utanfor Harstad var det skikkelig julestemning og skiføre når ein kom eit par hundre meter opp i høyden. Dessverre hadde me ikkje med ski...
...så på nyttårsafta køyrde me heller ein tur på den nye Lofast-vegen. I Lofoten er mørketida snart slutt, og me hadde eit fantastisk lys-spel på himmelen som er umogleg å festa til kamera. Dette biletet er mot Skrova like utanfor Svolvær.
Og då vil me ynskja alle våre trufaste tilhengarar eit retteleg GODT NYTT ÅR!!