lørdag 7. mai 2011

Sydenliv

Som vår guide frå Apollo sa: "Her kan vi bade....., sole....., snorkle......., shoppe......, bade......., sole...... osv.


Vår korrespondent Live from the desert in Maspalomas.


Kameltur; skrekkblanda fryd for enkelte heilt til kamelen bæsja..... Etter det vart det berre gøy.





Me måtte jo opp på eit fjell, så kvifor ikkje ta eit av dei høgaste? Roque Nublo, 1700 m.o.h., ca. 10 grader.


Stor is er viktig, sjølv om han smeltar litt raskare enn i Tromsø.


Me bada nesten kvar dag og læringskurva når det gjaldt symjing var bratt for begge jentene.


Kjekt å leika i "verdas største sandkasse".


Flyturen heim gjekk greit takka vere godt erfarne pilotar.


Ikkje alle klarte å omstilla seg like fort då me kom heim att.

torsdag 10. mars 2011

Irene 8 år!

I dag fyller Irene 8 år, og det er ikkje tvil om at ho har blitt ei stor jente.

Ho likar svært godt å hjelpa til på kjøkkenet (når ho får sleppa til). Dette biletet er frå fjorårets julebakst (som vel endå ikkje er fortært...)

Irene er ei snill og flink storesøster som er glad i å finna på ting i lag med Live.

Som de sikkert har sett i forrige innlegg er Irene glad i å gå på ski og å vera ute på tur. Men ho er minst like glad i å bada, og dette siste biletet er frå symjetrening i Levi (Finland) no i vinterferien.

søndag 20. februar 2011

Fjelltur og bursdagsfeiring

I dag har Irene vore med på ein skikkeleg fjelltur. Me teipa fast nokre fellar på skia hennar, og jammen gjekk ho ikkje heilt opp på toppen av Finnlandsfjellet.

Toppen er på ca. 500 m.o.h. og me gjekk omtrent rett opp frå huset vårt.

Det var flott nysnø å renna i ned att, og Irene syntest nesten at det gjekk litt for sakte enkelte stader.
Sist helg feira me Live sin to-års-dag, og ho klarte å blåsa ut lysa utan å svi for mykje av luggen. (Så har ho heller ikkje så lang lugg....)

To populære gåver: Ei handlevogn full av plastmat, og MakkaPakka som må vera med på handleturen (og dei fleste andre stader).

søndag 13. februar 2011

Live 2 år!

Gratulerer med 2-års-dagen, Live!

Her følgjer nokre små glimt frå kvardagen:

Live er svært glad i å vera ute, og er overbegeistra når det har kome "asse nø". (Nei, det betyr ikkje Nasse Nøff, men masse snø.) Her har ho vore med å laga snølykt på julafta.

Skeptisk...?

Svært tilfreds :-)

På besøk på Irene sitt rom, og heilt oppslukt i boka ho fekk til jul om HinkelPinkel, HoppsiDaisy, MakkaPakka og for ikkje å gløyma HaHoene!

Ein skal tidleg krøkast...? Det er alltid populært når det er att ein liten rest PepsiMax frå kvelden før.

tirsdag 28. desember 2010

Magisk...

Strålande ver, perfekt føre og magisk lys!


Med nyglida fjellski og puddersnø frå fjære til fjell, vart skituren på Finlandsfjellet i føremiddag ein av dei aller beste (sjølv om dei er vanskelege å rangera). Med eit slikt lys i mørketida, er sola faktisk ikkje sakna.... :-)


fredag 24. desember 2010

Jul i Østersvegen

Natt til julafta fekk me det største snøfallet til no i vinter, og meir perfekt julever er det vel knapt mogleg å få :-)

Her har jentene laga flotte snølykter utanfor huset vårt.

Ein liten tur ut på julafta føremiddag er greit for å få tida til å gå.

Her har Irene til og med prøvd å grava seg ned...., mens Live tek seg ein pust i bakken.

Me vil med dette ynskja alle våre blogg-lesarar ei GOD JUL!



lørdag 13. november 2010

Sol og skitur

I dag har eg vore på vinterens første skitur på fjellet i det som nok er nokre av dei siste solstrålene for året. Føret var ikkje så verst, sjølv om det er litt i minste laget med snø enno. Men så lenge eg brukar grus- og asfaltskia er det ikkje så farleg.


Ved ca. 400 m låg det eit tynt stratuslag (dvs. eit skylag med tåkeskyer), og stemninga vart ganske trolsk.

Men over skyene er himmelen alltid blå (eller gul), så på toppen vart det utsikt utover skyhavet og mot sola i sør att. Så får me berre venta på meir snø, slik at det blir fleire skiturar i mørketida.