søndag 26. november 2006

Mørketidstur til Dividalen

Då er me her nord òg blitt bloggarar (eller kva me skal kalla det på nynorsk). Første innlegg blir frå turen me hadde til Dividals-hytta frå onsdag til fredag.

Me starta tidleg på onsdag for å nå inn før det vart mørkt, men dei 7 kilometrane vart litt lengre enn me hadde tenkt på grunn av opne bekkar og etter kvart 10 cm klabbar under skia. Dermed vart det mørkt før me var framme, og siste timen gjekk me med hovudlykt.

Me må jo òg få med at Irene sat i pulk og var stort sett kjempenøgd, men etter at ho datt ut i ein bakke...., høyrde me oftare spørsmålet: "Faar, må vi ned her??"


Men me hadde to fine dagar på hytta til Turistforeningen, og Irene fekk både gått på ski og prøvd akebrettet i mørket (med eiga lykt, så klart). Som de ser av bileta var det litt i minste laget med snø, men nok til at me berre brukte halvparten så lang tid ned som opp.
På biletet under ser de utsikten frå hytta med Anjavassdalen til venstre og fjellet Njunis (1717 m.o.h.) til høgre.

9 kommentarer:

Gunnstein sa...

Gratulerer med blogg! Og velkommen etter...

Ja det skal bli kjekt å fylgja med kva om skjer langt oppe mot nord. Kanskje særleg når det nå snart er jul, julenissen bur vel i dei traktene?

Live, Irene, Kathrine og Tore sa...

Hm, julenissen bur vel enten på Nordpolen, i Rovaniemi eller i Drøbak??? Ikkje godt å veta kva ein skal tru på.
Men korleis får du til at berre ditt navn står på kommentarane, og alle sitt navn på forsida av bloggen??
Og korleis har du lagt inn det lammebiletet??

Anonym sa...

Velkommen inn i gjengen:)

Gøy med litt nordnytt:)

Anonym sa...

Flott blogg!! Ser fram til meir frå Tromsø!

Gunnstein sa...

Lammebilete stod det ein bruksanvisning på der du legg inn profilen din.

Når det gjelder mitt navn kontra alle sitt navn, så hugser eg ikkje korleis eg gjorde det akkurat nå. Skal tenke litt på det...

Live, Irene, Kathrine og Tore sa...

Ser ut som eg har fått til det med navnet nå. Får forska litt meir på bilete etter kvart.

Anonym sa...

Den dalen der kan ta livet av folk! Har selv gått der uten mat, kom ikke over elva og heller ikke opp på Njunis. Neste gang tar jeg heisen!

Anonym sa...

så kult at dokke har fått blogg, gratulerer! Kjekt å kunne følge med litt, håpe det står bra til me alle tre. No har vi nåke å lese på når vi ete:)

Anonym sa...

Hei! Det er meg. Lenge siden. Har ikke hatt tid til å gå inn på bloggen før nå. Moro å lesa. Så stor Irene er blitt'a gitt. Får lyst til å løft'a opp å klemme, klemme. Jeg sender julehilsen på forhistorisk vis fortsatt. Håper dere har postkassa enda ;-)