onsdag 11. april 2007

Påskeferie

Første del av påsken var me i Alta på besøk hos Trond og Åse. Den eine kvelden tok me ein tur til Ishotellet som ligg ca. 2 mil utanfor sentrum.

Det var nok av ledige rom, men det hadde begynt å dryppa litt frå taket, så overnatting frista ikkje så voldsomt. Her er bilete frå den eine gangen.

Ser ut som smilet til Irene har stivna litt i kulden. Eller kanskje ho er redd for at Tigerkatten òg skal bli til is.
Her er me i den eine brudesuiten, med fyr i peisen og greier....

Eit kapell var det òg, og heile hotellet var visstnok svært populært å bruka til bryllup.

Siste del av påsken var me på Karalaks i Lakselv. Det var stort sett innever, men påskeafta fekk me oss ein tur til Karasjok. Her er det posering utanfor Sametinget,

og her fekk me med oss ein runde med scootercross (berre som tilskoderar...).

Siste dagen på Karalaks hadde vinden stilna, så det endeleg vart litt pølsegrilling.


1 kommentar:

Anonym sa...

Det ishotellet ser jo veldig kaldt ut, men veldig fint også:)

Ellers ser det ut som Irene glir rett inn i en "episodeslutt" av en viss serie:) Da dada da daa: Hva er det hun ser? Eller hvem er det hun ser? Er tigeren noe annet enn den utgir seg for å være? Eller kanskje hun rett og slett har glemt å skru av platene på lekekomfyren hjemme..?:)Følg med i neste episode av Brødrene Dal og legenden om Atlantis:)