mandag 12. mai 2008

Kom mai du skjønne, milde...

...gjør skogen atter... hvit??!


Her er naboen sitt hus brukt som bakgrunn for å illustrera snøfallet. I natt har det kome rundt 10 cm nysnø, og Irene kan kosa seg med å lage "engler i sneen".

Snøen ligg heilt ned i fjæresteinane og med kuling i tillegg blir det ganske surt.
Men kva gjer vel det når det er lyst heile natta...?! For dei som lurte; skisesongen er langt ifrå slutt. No kjem det masse fin nysnø i fjellet, slik at me kan få nokre flotte skiturar i midnattsol i vekene framover. Det er fordelen med nysnø i mai:-)

1 kommentar:

Anonym sa...

Bare for å understreka alvoret: Då me kom inn frå turen ute i snøen sette Irene på ein CD, og me kunne laga middag til tonane av "Jeg er så glad hver julekveld"...