søndag 18. mai 2008

Melodi Grand Prix

Denne veka er det full rulle med Melodi Grand Prix (eller Eurosong som det heiter no). I år må nesten alle kvalifisera seg til finalen, og det betyr heile to semifinalar. Fantastisk! Det heile startar på tysdag, då bl.a. Norge og Maria skal delta.

Så er det ein ny semifinale på torsdag, før "le grande finale" på laurdag. Me har ope hus med Grand Prix-fest alle kveldane, så herved er DU invitert. Høgdepunktet blir sjøvsagt finaledagen med stemmeskjema og full pakke. Sendinga startar kl. 21 kvar kveld, og me startar oppvarminga frå ca. kl. 20.

Ein av våre favorittar i år er Sveits, og her er ein link til deira bidrag:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/352091

4 kommentarer:

Live, Irene, Kathrine og Tore sa...

Det vart litt av ein thriller i går, sidan Norge vart lest opp heilt sist av dei 10 som gjekk til finalen. Men no er me klar for stor fest på laurdag, og det er enno ledige plassar her hos oss både til finalen og den siste semifinalen torsdag.

Anonym sa...

Jeg skulle gjerne tatt turen, men det få bli en annen gang:) Vi skal ihvertfall få det med oss:) Kos dere!

Live, Irene, Kathrine og Tore sa...

Ai, ai! Vår favoritt frå Sveits gjekk ikkje til finalen, men det gjorde Portugal som er ein rein kopi av fjorårets vinnar... Uansett, med alle dei nordiske landa vidare er det duka for ein kjempefest:-)

Anonym sa...

Mimrer tilbake til Grand Prix kvelder hos dere da jeg bodde i Tromsø også...det var så gøy!!