fredag 24. oktober 2008

Oslo og København

Forrige helg hadde me barnevakt og nytta sjansen til å få oss ein tur på eigenhand. Turen gjekk først til Oslo tidleg fredag morgon, og om ettermiddagen tok me denne båten vidare til København.

I København var veret ganske grått, men me fekk blandt anna med oss ein kanalbåt-tur med guide. Båten var både overbygd og oppvarma, så det vart ei perfekt avveksling til trasking rundt i Københavns mange gågater.

Vel tilbake i Oslo måtte me få med oss byens nye attraksjon; Operaen. Ganske fasinerande å kunne gå rundt kvar ein vil på taket av ein så stor bygning.

Om vinteren må det jo vera perfekt med ski....


På søndagen fekk me jammen tid til ein tur rundt Sognsvann for å mimra om gamle dagar, før det var på tide å venda nasen nordover att.



Ingen kommentarer: