torsdag 5. mars 2009

Diverse kvardagsglimt

Dei siste vekene har stort sett gått med til eting og soving (og litt skriking), i alle fall for den ferske i familien. Her kjem eit par bilete frå kvardagen i heimen.

Irene er ei kjempeflink storesøster og er svært glad i å få halda og bæra Live. Men det er kjekkast når ho ikkje skrik...

Det er mykje ein kan bruka som liggjeunderlag på kjøkkenbenken. Her testar Live ut fjøringa i RugFras-boksen.

Innimellom er det greit å få seg ein tur ut i finveret. Her er Irene på tur med faren ein liten tur i skiløypa i Håkøybotn.
Til slutt må me berre ta med eit par bilete av "rullegardina" til naboen. Det er eit avansert system som går ned av seg sjølv i sola om dagen. Men eg trur dei må forska litt meir på korleis dei skal få ho opp att om kvelden....


Perfekt skjerming for innsyn er det i alle fall :-)

2 kommentarer:

kari sa...

Kjempe kjekt å treffe dåkk i Tromsø! Irene, du e stor og kjekk jente og Live e heldig som har ei storsøster som deg. Håpe det passe sånn at vi kan treffes når dåkk komme sørover.

Anonym sa...

Kjære venner!
Gratulerer så mye med vesle Live! Ja, barn er virkelig en gave fra Gud. Virker som om det går bra med dere, alle sammen. Så flott. Vi har det også godt i Khovd i Mongolia, og gleder oss over våre små, og over å få være her. Skrev for et par dager siden om våren som hadde kommet, men i dag har vi gått en runde i nabolaget med Benjamin på ski og de to små på hvert sitt akebrett. Jonatan hadde litt problemer med balansen, men det gikk bra...
Ha det godt.
Varm hilsen fra Gunn og Bertil