lørdag 2. mai 2009

Grilling i Grøtfjorden

Når temperaturen kjem over 10 grader her nord er det på tide å koma seg over i vårmodus. Så i dag fekk me med oss familien Berget og drog ut til Grøtfjorden. Me var tidleg på 'an, så me fekk velga plass først :-)

Uansett er det nok plass å ta av, og med sol frå nesten skyfri himmel er det bare å innta relax-stillingen.Her er grillinga i full gang og som vanleg er det mennene som må ta seg av matlaginga når kol og tennvæske er involvert. Live hadde for høvet fått låna solbriller av Elton John. Ellers var ho vel stort sett nøgd med sin første skikkelege ute-dag (utanom i vogna då).

Haakon har nokre fleire månader på baken, og koste seg i sin flotte doning som kan gå både til lands og til vanns (og i lufta med). Ja, ei lita overdriving det der, men det er praktisk med eit kjørtøy som kan brukast både som pulk, sykkelvogn, joggevogn, vanleg vogn og sikkert ein del fleira ting.
Tusen takk til Ingeborg, Aleksander og Haakon for ein flott tur! Me set stor pris på at de er her nord!

Ingen kommentarer: