torsdag 19. november 2009

Takk for i år!

I dag såg me truleg dei siste solstrålene for i år. Sola klarer akkurat å vera framme ein time over fjella i sør. Dei neste dagane blir det nok for mykje skyer, så då må me venta til siste halvdel av januar til me kan sola oss att her nord.

Veret er jo ellers upåklageleg, men litt snø snart hadde ikkje vore å forakta.

Live likar seg best under bordet for tida, og kan åla seg fram og tilbake mellom stolbeina ganske lenge. Biletet er teke før ho vart svinifisert....

Og her har vi den som fekk svineriet med seg frå skulen. Her prøver ho å sjå ganske frisk ut, men det har ikkje vore slik heile veka. Så håper me i det lengste at me andre slepp unna.

4 kommentarer:

Anonym sa...

E det no så sekkert at det influensan frå svin? Har dere tatt testen?

Anonym sa...

Når 10 stk. er borte fra 1. klasse samtidig med de samme symptomene og en av dem har fått påvist grisesnue, så tror jeg ikke de trenger å ta noen test for å vite hva det er...

Anonym sa...

1 av 10, altså??? Nåja...

Live, Irene, Kathrine og Tore sa...

Det var da svært til anonyme kommentarar :-) Hadde eigentleg vore meir interessant å vita kven de er....