tirsdag 12. januar 2010

Nytt år - nye muligheter

Då var me alt godt inne i 2010, og det er på tide med eit nytt innlegg. Etter ein kald start på året har klimaendringane no slått til for fullt og det har blitt betydeleg mildare. I helga hadde me 6 plussgrader, kuling og regn. Ser ut som om me har bytta klima med Vestlandet..... :-(

Men med ruskever ute, er det jo fint å kosa seg inne (eldgamalt jungelordtak). Her har Irene og Live funne seg godt til rette i saccosekken.

Og kven visste vel at Live hadde ei ukjent tvillingsøster? Eg tvilar på om det hjelper med hjartekompresjon på denne, Live, men det er jo greit å øva seg.

I slutten av veka er mørketida offisielt over her i byen, og Live er tydelegvis klar for å møta sola! Her sit ho på fanget til bestefar og strålar (Live altså)....

2 kommentarer:

vi på Solbakken sa...

Vi merke at klimaendringan gjør vintern mildar i skogen vår og, nu e d heilt opp i 16 minusgrader igjen, mildt og godt ;-)

Anonym sa...

Fine unger! Godt nytt år fra Toril og Magnar.PS: I febr.nr av Norsk hagetidend kommer det en reportasje fra hagen vår:)