søndag 7. februar 2010

Pappaperm på Tenerife

Sidan det likevel ikkje har vore noko særleg skiføre i nord i år, var det like greit å ta dei to siste vekene av pappapermen (eller fedrekvoten som det no heiter) i varmare strok.


Dei to siste vekene i januar vart difor tilbrakt på Tenerife og her ser me solnedgangen frå verandaen vår.


Etter to månader utan sol er det eigentleg rart kor fort ein blir van med både sol og 25 varmegrader. Den første veka var veret stort sett slik, og det vart bading både i basseng og sjø.


Den minste i familien nyt sydenLive....


Bading var heilt topp og måtte porsjonerast ut av foreldra elles hadde ho vel budd i bassenget.


Og kva gjer det vel om det er litt skyer ein dag. Då er det berre å ta turen over skyene og opp til 2000 m.o.h.


Her kan ein finna både gigant-kongler.....


... og merkelege striper i fjellet.


Her er vi ved eit av Tenerife's mest kjente motiv; Roque de Garcia med vulkanen Teide i bakgrunnen (Spanias høgaste fjell). Me gjekk ein liten tur i dette spesielle landskapet, og sjølv om me var over 2000 m låg temperaturen likevel på 17 grader.
Jentene i solnedgang på strandpromenaden i Playa de Las Americas.

Og til slutt brevet Irene skreiv til tannfeen då ho var så uheldig å svelga den lause tanna si :-)

2 kommentarer:

Sigbjørn sa...

Ja det ser ut som de har hatt ein fin ferie! For oss her sør i vinterlandet er det ikkje akkurat sydenstemning, me gler oss til å sjå grønt gras og svart asfalt igjen!

Anonym sa...

Oppfinnsomme Irene.Får håpe tannfeen godtok forklaringen:) Godt dere alle er vel hjemme igjen. Hilsen Toril i Kila.