tirsdag 2. november 2010

Tur til Malangen

I helga fekk me lyst på ei lita utflukt, og valet fall til slutt på Malangen brygge. Her kan ein leige både rorbuer, hytter, leiligheiter, hotellrom, luksushytter og luksusrorbuer. Alt er bygd opp i løpet av dei siste åra, og me havna på ei "vanleg" hytte frå laurdag til søndag.


Her ser me jentene framføre hotellbygningen som stod ferdig før sommaren, og til neste sommar skal det opnast ein eigen spa-avdeling i 3. etasje.

Dette er omtrent ein fjerdedel av alle bu-einheitane. I tillegg er det planlagt fleire, så det satsast stort.....


Irene kommenterte når me kom heim at det var ein veldig barnevenleg plass (kan ho ha høyrt det frå nokon andre...), og det var kanskje først og fremst leikeplassen ho sikta til.


Men den var verkeleg barnevenleg. Leikeapparatene var importert frå Finland (det er vel eigentleg ikkje så relevant) og her var det utfordringar for både små og store ungar, utan at me måtte passa på dei heile tida.

Utsikten var upåklageleg og me fekk til og med med oss nokre solstråler midt på dagen. Me likte oss svært godt det døgnet me var her, og tek gjerne turen tilbake seinare, f.eks. i den lyse årstida.

Ingen kommentarer: