onsdag 18. februar 2009

Fleire Live-bilete

Her kjem litt fleire bilete av Live frå dagane på UNN.

Det går stort sett i eting og soving for ho, og det er jo ganske greit.

Her har vi ei stolt storesøster på besøk på barselhotellet.

Og her er far saman med sine to døtre.
Live har kome heim og har funne seg godt til rette i voksi-posen.

Til slutt må me berre ha med eit bilete av det fantastiske vinterveret me har hatt heilt sidan Live blei fødd.

fredag 13. februar 2009

Levande Live

Kl 14:58 i dag kom Live ut av mor sin mage, og då meiner eg rett ut. Etter kun få minutt på operasjonsbenken høyrde me skriking på andre sida av forhenget, og det var heldigvis ikkje kirurgen som skreik. Etter å ha venta på keisersnitt nesten ein heil dag (var eigentleg lova at me skulle vera først ut kl. 07:30 om morgonen), var det greit at ting gjekk unna då me endeleg kom i gang.

På dette første biletet er Live berre rundt 5 minutt gamal, og det må jo vera litt av eit sjokk å koma rett frå den lune magen til mor og så plutseleg ha mykje luft rundt (og i) seg.

Etter ca. ein halv time tek ho livet litt meir med ro og har fått pakka seg godt inn i diverse klutar og pledd.

Etter nokre timar til har ho blitt meir van med dei nye tilhøva og tek seg ein lur med "lua" på snei. Så får me sjå etter kvart kva Live(t) vil bringe.... (Er potensiale for mange ordspel her ser eg.)

lørdag 7. februar 2009

Snø og rein

I dag var det silkeføre på Finlandsfjellet; 10 cm nysnø på hardt underlag. Sjølv om sola no er oppe i fleire timar, vart det ein kald fornøyelse. Det er ikkje ofte det er 12 minusgrader i Tromsø, heldigvis var det nesten vindstille.

På veg opp gjekk eg like forbi desse reinsdyra. Det virka som dei var vane med folk, for dei flytta seg ikkje ein centimeter sjølv om eg passerte berre 10 meter frå dei. Såg ut som dei visste kvar maten var, for dei hadde vore på fleire av dei små haugane der snølaget var ekstra tynt.


Det er fantastisk å ha slike turområde like utafor døra, samstundes som ein har dei servicetilbod som ein by kan tilby berre få minutt unna.

lørdag 31. januar 2009

Sol og skitur

Etter 2 månader utan sol er det fantastisk når ho dukkar opp att over fjella i sør. Og det blir fort lysare; 19. januar hadde me 3 minutt med sol, og dersom det hadde vore skyfritt i dag ville me hatt over 4 timar!!!!

Og det er no skisesongen tek til for alvor. Sjølv om det er fint å gå i lysløypa heile vinteren, er det ekstra stas å få litt lengre turar no når dagane vert lengre.

Her er eit bilete frå lysløypa forrige helg, då me var på tur alle "4". Etter at turen var ferdig konstaterte Irene at turen hadde vore alt for kort, så neste gong får det bli skikkeleg langtur:-)

tirsdag 20. januar 2009

Den veksande magen...

Etter mange oppfordringar (i alle fall den eine frå deg, anonym) kjem det her eit bilete av mor og barn før det store gjennombruddet. Ting kan vel skje omtrent kva tid som helst, men me håper det tek ei veke eller to til.

Så tek me med nokre teikningar frå kunstnaren i familien. Her har Irene teikna ein politimann i svart som er svært forelska i kjærasten sin. Ho kjem på besøk til han med ei kake i veska.

Nederst ser me tjuven som politimannen har sett i fengsel. Han har lekkjer både på hendene og føtene, og er ikkje særleg nøgd. Til høgre eit hjarte til både mor og far :-)

søndag 11. januar 2009

Forandring fryder

Sidan helga har vore prega av regn, vind og mildver, har me hatt god tid til inneaktivitetar. Dermed har me nytta sjansen til å førebu oss litt til det som skal koma, og flytta rundt på litt av kvart.

Den største endringa er at Irene har fått nytt rom og ny seng. Ho har flytta ned på det som har vore gjesterom, og i tillegg til senga er ho òg godt nøgd med både prinsesselampe og Ole Brum-gardiner. Samstundes har ho fått plass til nesten alle leikene på rommet, og det blir dermed litt betre plass i stova for oss andre:-)

søndag 4. januar 2009

Godt nytt snøår!

Nyttår vart feira på Senja i flott snøver, men det vart litt vanskeleg å sjå rakettane då :-)

Maten var som vanleg upåklageleg på desse kantar, og Irene var nøgd med at det ikkje vart nok ein potetmiddag.

Det var omtrent snøfritt då me kom, men om morgonen 1. nyttårsdag målte me 70 cm på altanen, og det snødde endå meir etter at dette biletet vart teke.

Til slutt eit bilete frå romjulsgøy i Hoppeloppeland. Irene var heilt i 100, og det er ikkje rart at ein blir oppfordra til å passa på å få barna til å drikka nok vatn her inne.